Da har dagen som mange har sett fram til i eit år endeleg kome og gått att, finala i Melodi Grand Prix er ferdig.
Medan presentasjonen til alle deltakslanda skjedde kunne eg ikkje la vere å leggje merkje til at flagga til kvart einaste land atter ein gong blei brukt som handklede og handtert med lita til ingen respekt. Den respektlause haldninga var til å ta på. Den verste blant alle landa var den italienske kvinna som såg sint ut medan ho respektlaust svingte det italienske flagget rundt seg. Italienarane har vore kjent som eit ærerikt folk som ville beskytte flagget og landet sitt mot respektlause handlingar, men det høyrer nok dessverre fortida til. Måten ho handterte det italienske flagget minna om korleis dei allierte (med all rett) øydela det tyske flagget etter andre verdskrig. Slovenia sin representant var den minst respektlause av gjengen sjølv om ho gjekk med eit lita flagg så brukte ho det i alle fall ikkje som ei kølle. Utanom den respektlause haldninga til flagga så må ikkje andre flagg enn utanom dei nasjonale flagga brukast! Det er nasjonalflagga som gjeld!
Kalle og meg. Fotografi: Privat
Ukraina sin song skulle vere inspirert av Jomfru Maria og Mor Theresa og med dette i tankane burde songen ha hatt ein roleg melodi med ei tekst som fremja Kristne verdiar ikkje sant? I staden var det ein vanleg song med innslag av rap. Kor i Bibelen og historiebøkene står det at nokon av dei rappa? Ingen stad for å vere ærleg. Sjølv om songen ikkje er direkte om dei så bør songen vere av ein slik kvalitet at den er respektabel mot inspirasjonskjeldane.
Håret til kvinna frå Luxemburg var fletta på ein slik måte at det såg ut som to piskar som ho kunne bruke for å få viljen sin. Kva var vitsen? Skulle ho piske dansarane sine?
I fjor fekk vi oppleve at Cruella de Vil frå 101 Dalmatinere var med, men i år satsa Irland på ei heks som såg ut som Malefica frå Tornerose. Vi gjekk frå ei som kidnappa hundar for å lage skinnkåpar til ei heks som dreiv med satanisk symbolikk i presentasjonen sin. Korleis i all verda kunne det irske folket stemme fram ei slik kvinne? Kanskje ho brukte “blodmagien” sin for å bli valt? Kva enn grunnen var så var det ikkje verd det.
Spania hadde eit par som framførte saman, men var det verkeleg naudsynt at rumpene til dei mannlege dansarane var synlege? Nei. Det blei nok gjort for å skape overskrifter, men Spania er nok ikkje den som kjem til å få mest merksemd kring framføringa si. Den “æra” eller rettare sagt vanæra går til Finland. Kven det enn var som meinte at det var ein god idè at den eine av solistane skulle framføre songen heilt naken nedantil bør bli sjekka mentalt over lengre tid. Hadde det ikkje vore betre å nekta denne delen av framføringa i staden for å sladde den gamle Microsoft logoen? Viss eg var sjef for Melodi Grand Prix ville eg ha brukt tid på å ordne ei avtale med Microsoft slik at logoen på t-skjorta kunne vore synleg. Det hadde vore mykje betre enn det som skjedde.
Men det var ikkje berre Irland som representerte Disney i år, Sveits valte å sende Nemo, men han var ikkje akkurat lik seg frå filmen Oppdrag Nemo. I kveld var Nemo utkledd som ein dununge så kanskje han prøvde å gøyme seg frå fiskarar?
Da eg høyrte songen til Armenia minna den om dei gamle indianerropa som indianarane brukte da dei rei rundt på hestane sine.
Mange av presentasjonane byrja med at solisten og dansarane låg på golvet noko som får ein til å tru at alle lidar av lågt blodsukker/sukkersjuke (diabetes) eller AD/HD.
Melodi Grand Prix var meint som ei nøytral konkurranse der inga politisk påverknad eller fremjing skulle skje, men i nyare tid så ser ein at konkurransa har heldigvis “gløymt” dette og internasjonale situasjonar og minoritetsideologiar blir fremja. Dette kjem klart fram i korleis fagjuryane og folket stemte. Så alt i alt har Melodi Grand Prix endra seg, men ikkje til det betre. Høgdepunktet i kveld var da Marte Stokstad sa gale og sa Australia i staden for Austerrike.
Alt i alt så har Melodi Grand Prix vorte politisk og fremjer spesifikke idelogiar samt at det er ei samling av roping og rumper no til dags.
“Som man roper i skogen får man svar”. – Ukjent opphav.