Til minne om Kalle

For over ein månad sidan, mot slutten av juni opplevde foreldra mine, Mons og eg noko som var uverkeleg. Kalle hadde gått burt.

 

Fotografi: Privat.

 

Alt byrja med at Kalle ikkje kom heim ein dag, men det var ikkje uvanleg for han sidan han ikkje likte framande menneske på garden og dagen før så hadde nokre arbeidsfolk vore her for å grave ned nokre ledningar. Vi tenkte at Kalle måtte ha tid for seg sjølv for det var slik han var, men da den andre morgonen kom og han ikkje var heime att så måtte vi byrje å leite etter han. Etter nokre timar med leiting og roping bestemte vi å sjekke ein av kjellarane som er open til kattane viss dei vil inn der for å sove og det var da vi fann han. Kalle hadde gått ned i kjellaren og lagt seg roleg ned og gått burt i søvne noko som hadde skjedd natt til dagen da arbeidsfolka var på garden sidan han var heilt kald og stiv.

 

 

Fotografi: Privat.

 

 

 

Var han sjuk eller hadde han noko medfødd?

Nei Kalle var ikkje sjuk og så langt vi veit så hadde han heller ikkje noko medfødd som kunne ha ført til den plutselege burtgangen. Det rare var at Kalle oppførte seg normalt heile tida, til og med dagane før han gjekk burt så vi skjønte ikkje at han var på tur til å bli burte for oss. For nokre år sidan hadde vi dyrlekjaren her slik at han fekk sjekka Kalle sidan han verka nedfor, men dyrlekjaren fann ikkje gale med han og ga han noko medisin som hjalp. Sidan den gongen har ikkje Kalle oppført seg rart eller vist teikn på at noko var gale.

 

Kor gamal blei han?

Kalle blei berre ni år gamal.

 

Kven var det som fann han fyrst?

For å vere ærleg så var det Mons sidan han mjaua og mjaua da han kom inn att same dagen som arbeidsfolka hadde vore her. At Mons mjaua var ikkje uvanleg sidan vi var (og er) van med at han gjer det så vi tenkte ikkje at noko var gale. Av oss menneska så var det mamma og eg som fann han.

 

Kva gjorde dykk med Kalle etter at dykk fann han?

Dagen etter vi fann han så laga pappa ei kiste til han, vi grov eit hol ute ved huset og gravla han.

 

Fotografi: Privat.

 

 

Fotografi: Privat.

 

 

 

Kalle var ein bestemt liten kar som visste kva han likte, ville gjere og kor han ville vere. Viss du var framandfolk så reiste han for han likte ikkje andre enn Mons og resten av oss her heime. Det er vanleg at kattar utforskar området dei lev i, men Kalle gjorde ikkje det sjølv om han hadde alle moglegheiter til å gjere det, han haldt seg på garden og i nærleiken av husa. Kalle var stedsbunden og glad i oss. Han hadde ei stor personlegheit som ikkje mange kan samanliknast med.

 

Her er nokre fleire bilete av Kalle frå da han var liten til han blei vaksen.

 

Fotografi: Privat.

 

 

Fotografi: Privat.

 

 

Fotografi: Privat.

 

 

 

Eg vil alltid minnast deg Kalle og saknet etter deg er like stort som alle dei andre eg har mista i løpet av åra.

Kvil i fred Kalle, penaste karen i heile verda!

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg