Finala i Melodi Grand Prix 2023

Atter ein gong har Melodi Grand Prix eller “Eurovison Song Contest” (viss ein er moderne) kome og held på i hundre. Kvart år er det mange som ser fram til konkurransa, håpar på at landet sitt vinn og likar songane. Sjølv om eg ikkje likar dei moderne songane så er det morosamt å sjå kva folk meiner er musikk no til dags. Eg visste ikkje at dagens musikk liknar på indianerrop som ein kan høyre i gamle western seriar og filmar, som Familien Macahan (eller I ville vesten) med fleire, eller at eit av landa har Cruella de Vil som songar. Kanskje eg har ei framtidig karriere innanfor musikkverda eg òg da?

Fotografi: Privat. Kalle søv gjennom heile Melodi Grand Prix

 

Noko anna som slo meg er korleis representantane bærer flagget(a) til landet sitt. Kvifor viftar dei med dei og nesten slepp dei ned i golvet i staden for å bære dei stolt på ei mellomstor og bærbar flaggstang? Kva svaret er, så tykkjer eg at det er stygt og respektlaust at dei ikkje tek betre vare på flagga for dei er ein visuell representasjon av landa deira og dei bør/skulle ikkje hatt med andre flagg enn det som tilhøyrer landet sitt. Noko anna er smaklaust.

 

Kvifor skal alle artistane og statistar hoppe og sprette rundt på scena i staden for å stå rolege? Statistane eller ekstra folka kan få lov til å hoppe og sprette som nokre kaninar viss dei absolutt vil, men kvifor skal vedkomande som framførar songen gjere det same? Hadde det ikkje vore betre å berre konsentrere seg om å syngje? Fleiroppgåvekøyring (“multitasking”) er sjølvsagt eit svar som mange kan kome med og seie at folk skal klare meir enn ein ting om gongen og det er greit nok det, men for meg verkar det som at framføringa blir behandla som ei treningsøkt i staden for ei framføring. Kaloriane må forbrennast veit du.

 

Medan eg høyrte gjennom alle songane så tykte eg at fleire av artistane song “korona”, men det var nok berre ord som liknar korona for det er vel ikkje nokon som ville syngje om ein sjukdom som stengte folk inne over lengre tid?

Kroatia hadde ei gruppe av menn som minna mykje om Village People som var ei amerikansk discogruppe frå slutten av 1970 – talet (kanskje best kjent for songen YMCA), men det var berre med tanke på kleda, ikkje musikken. Men medan eg såg på framføringa tenkte eg på om dei kanskje gjorde narr av kostyma medlemmane i Village People brukte sidan alle mennene hadde bartar og brukte kjolar. Kven veit.

 

Kven kjem til å vinne Melodi Grand Prix?

Alle som ser på programmet i kvart einkelt land vil sjølvsagt seie sitt eige land, men den verkelege vinnaren er fjernsynskanalane som har fått sjåartal i kveld.

 

Mange vil nok spørja, kvifor ser du på programmet viss du ikkje likar songane?

Svaret er at det har vorte ein tradisjon å sjå på det sjølv kor stygge songar som er med og det er morosamt å kome med humoristisk kritikk på noko som var mykje betre før med artistar som f.eks Jahn Teigen, Ketil Stokkan, Solfrid Heier med fleire.

 

Høgdepunktet i Melodi Grand Prix i kveld var (og kjem til å vere) da dei viste fram Kong Charles III i nokre sekund, det gjorde det verd snart (i skrivande stund) fire timar med songar som kunne vore sunge betre av ein heil haug av sauar.

God Frigjeringsdag

I dag er det 78 år sidan Noreg og det norske folk fekk fridomen sin attende etter fem år med tysk okkupasjon. Ein skulle tru at denne dagen, 8. mai, ville bli feira og hylla på lik linje med 17. mai, som er grunnlovsdagen vår, men slik er det dessverre ikkje. Eg ser rundt meg og legg merkje til at det ikkje er mange som heisar flagget på denne dagen i motsetnad til andre dagar, så kva er det som gjer frigjeringsdagen mindre viktig enn 17. mai for eksempel?

Er det rett og slett fordi folk no til dags er late og ikkje vil vere brydde med å heise det norske flagget stolt opp eller er det noko anna?

Er det fordi dagen i dag ikkje er ein nasjonal fridag?

Kva svara måtte vere så tykkjer eg at det ein skam at frigjeringsdagen ikkje får meir merksemd enn det den gjer med tanke på alle nordmennene og utanlandske styrkar (Sovjetunionen, Storbritannia og Amerika) som kjempa mot Adolf Hitler og gjengen (Vidkun Quisling medrekna) for å få eit fritt Noreg og Europa att! Hadde det ikkje vore for denne dagen i 1945 og innsatsen som hadde vore gjeve sidan 1940 (i Noreg i alle fall, 1939 for resten av Europa) så ville ikkje Noreg vore eit fritt land i dag og da ville det ikkje ha hjulpe at vi har grunnlovsdagen 17. mai. Hadde Hitler og co vunne andre verdskrig så ville vi nok ha tala tysk, sunge “Deutschlandlied” og sagt “Heil Hitler, Göring, Quisling” osv den dag i dag.

Frigjeringsdagen skulle vore ein raud dag, altså ein fridag for det norske folk i staden for ein vanleg arbeidsdag slik at vi kunne feire, minnast og heidre dei som ga liva sine (og sjølvsagt dei som overlevde) i andre verdskrig for at dei framtidige generasjonane skulle få moglegheit til å vakse opp i eit fritt og sjølvstendig land.

Kor er patriotismen, solidariteten og nasjonalismen blant det norske folk? Er ikkje folk glade i landet og fridomen vi har lengre?

Fotografi: Privat

 

Slik det ser ut no så er den nokså lav. Ikkje nokon av dei avisane eg sjekka har sagt noko om dagen i dag, i staden fokuserar dei på russ som dopar seg, Ukraina, fotball, korleis vêret blir 17. mai og andre ting. Kanskje vi er heldige og får ei lita reportasje i nyheitane i kveld om at det er 78 år sidan frigjeringa?

 

Det er rett og slett ein skam korleis Noreg og nordmenn behandlar ein så viktig dag i historia vår, men heldigvis kjenner eg nokre personar privat som er glade i dagen og heidrar den så godt dei kan. Så med det sagt, god frigjeringsdag til alle som bryr seg om den!

Kor er servicen?

Gjennom livet så kjem alle burti noko dei blir interessert i og somme gonger kjøper for å ha det. Før i tida blei det gjort gjennom katalogar som kom i postkassa og ein måtte anten ringje eller skrive inn at det der vil eg ha, medan no til dags så kan ein berre slå på datamaskina eller fjerne skjermlåsen på mobilen, gå innpå ei nettside og så kjøpe eit eller fleire produkt. I det ein har bestilt vara(ane) si(ne) så gledar ein seg til den dagen pakka kjem på døra (eller hentestad) slik at ein endeleg kan få pynte, spele, lese, sjå på eller kva det måtte vere med det. Dessverre så kan gleda ein har over pakka bli til sorg.

 

Fotografi: Privat.

 

For over ei veke sidan kjøpte mamma dette privat frå nokon via Internett, det blei pakka inn, sendt og henta på hentestaden. Mamma såg fram til pakka ho skulle få sidan ho er interessert i fine koppar, tallerkenar osv, men da ho opna den i dag blei gleda over dei “nye” produkta øydelagt. I staden for å få ei heil samling som ho hadde betalt for fekk ho heller ei delvis samling der noko var i orden og det andre i fleire betar. Det hjalp ikkje at vedkomande som hadde sendt pakka hadde pakka produkta forsvarleg og særs godt.

 

Spørsmåla ein kan spørja er kor er servicen?

Når ein leverandør skal levere ei pakke som inneheld eit eller fleire produkt så må ein setja tillit i at dei leverar pakka og innhaldet i den heilt, men det er dessverre ikkje nokon garanti for det. Viss ein kjøper varar frå ein nettbutikk så vil dei som oftast erstatte den skada vara så sant ein varslar dei om det, men når det er noko ein har kjøpt privat frå nokon og det blir sendt personleg så er det “Unnskyld for at vara(ane) dine blei øydelagt. Vi kan erstatte inntil 100kr” og liknande. Det er ikkje akkurat ein god mentalitet og vil heller ikkje erstatte det store tapet ein person har opplevd.

 

Korleis handterar leveringsfolka pakkane?

Det verkar for at somme som arbeidar innanfor levering ikkje bryr seg om korleis dei handterar pakkane (og breva) til folk, for “det er ikkje mitt” og det er ikkje ei innstilling nokon skal ha når dei har eit slikt arbeid. Ein må tenkje med seg sjølv kor morosamt det er å få noko som er skadd eller heilt øydelagt etter at ein har venta på det over lengre tid og sett fram til det.

Eit anna argument kan vere at dei er stressa eller tvinga til å arbeide fortare og da vil eg tru at pakkane blir kasta frå stad til stad i staden for å bli plassert forsiktig frå a til b. Kva som er grunnen får vi nok aldri vete, men dei som eig leveringsselskapa og dei som handterar pakkane må lære seg at folk set stor pris på å få heile pakkar og da er det betre at dei brukar lite grann meir tid på å vere forsiktige enn å late som at pakkane er fotballar.

 

Kva skal til for at leverandørane er meir forsiktige?

Dessverre så er nok svaret pengar og det er ikkje bra for den gjennomsnittlege nordmannen. Vi har nok utgiftar i dagens samfunn utan at vi må vere redde for slamseri hjå dei som leverar pakkane og breva våre, men viss notida har lært oss noko så er det at prisane mest sannsynleg vil stige. Men det er ei anna løysing òg på problemet og det ville vore å la vere bruke dei store leverandørane og heller satse på konkurentar som kan vere billigare i frakt, men som òg vil forsikre at handteringa og leveringa av pakkar vil bli utført på ein profesjonell måte. Ein må sjølvsagt fyrst klare å finne eit slik selskap òg da.