Finala i Melodi Grand Prix 2023

Atter ein gong har Melodi Grand Prix eller “Eurovison Song Contest” (viss ein er moderne) kome og held på i hundre. Kvart år er det mange som ser fram til konkurransa, håpar på at landet sitt vinn og likar songane. Sjølv om eg ikkje likar dei moderne songane så er det morosamt å sjå kva folk meiner er musikk no til dags. Eg visste ikkje at dagens musikk liknar på indianerrop som ein kan høyre i gamle western seriar og filmar, som Familien Macahan (eller I ville vesten) med fleire, eller at eit av landa har Cruella de Vil som songar. Kanskje eg har ei framtidig karriere innanfor musikkverda eg òg da?

Fotografi: Privat. Kalle søv gjennom heile Melodi Grand Prix

 

Noko anna som slo meg er korleis representantane bærer flagget(a) til landet sitt. Kvifor viftar dei med dei og nesten slepp dei ned i golvet i staden for å bære dei stolt på ei mellomstor og bærbar flaggstang? Kva svaret er, så tykkjer eg at det er stygt og respektlaust at dei ikkje tek betre vare på flagga for dei er ein visuell representasjon av landa deira og dei bør/skulle ikkje hatt med andre flagg enn det som tilhøyrer landet sitt. Noko anna er smaklaust.

 

Kvifor skal alle artistane og statistar hoppe og sprette rundt på scena i staden for å stå rolege? Statistane eller ekstra folka kan få lov til å hoppe og sprette som nokre kaninar viss dei absolutt vil, men kvifor skal vedkomande som framførar songen gjere det same? Hadde det ikkje vore betre å berre konsentrere seg om å syngje? Fleiroppgåvekøyring (“multitasking”) er sjølvsagt eit svar som mange kan kome med og seie at folk skal klare meir enn ein ting om gongen og det er greit nok det, men for meg verkar det som at framføringa blir behandla som ei treningsøkt i staden for ei framføring. Kaloriane må forbrennast veit du.

 

Medan eg høyrte gjennom alle songane så tykte eg at fleire av artistane song “korona”, men det var nok berre ord som liknar korona for det er vel ikkje nokon som ville syngje om ein sjukdom som stengte folk inne over lengre tid?

Kroatia hadde ei gruppe av menn som minna mykje om Village People som var ei amerikansk discogruppe frå slutten av 1970 – talet (kanskje best kjent for songen YMCA), men det var berre med tanke på kleda, ikkje musikken. Men medan eg såg på framføringa tenkte eg på om dei kanskje gjorde narr av kostyma medlemmane i Village People brukte sidan alle mennene hadde bartar og brukte kjolar. Kven veit.

 

Kven kjem til å vinne Melodi Grand Prix?

Alle som ser på programmet i kvart einkelt land vil sjølvsagt seie sitt eige land, men den verkelege vinnaren er fjernsynskanalane som har fått sjåartal i kveld.

 

Mange vil nok spørja, kvifor ser du på programmet viss du ikkje likar songane?

Svaret er at det har vorte ein tradisjon å sjå på det sjølv kor stygge songar som er med og det er morosamt å kome med humoristisk kritikk på noko som var mykje betre før med artistar som f.eks Jahn Teigen, Ketil Stokkan, Solfrid Heier med fleire.

 

Høgdepunktet i Melodi Grand Prix i kveld var (og kjem til å vere) da dei viste fram Kong Charles III i nokre sekund, det gjorde det verd snart (i skrivande stund) fire timar med songar som kunne vore sunge betre av ein heil haug av sauar.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg