Eit moralsk forfall

Atter ein gong har desember kome, folk reiser på julebord og har det triveleg. Ja desember er ein fin månad med mykje god mat, gåvar, juletre, juledekorasjonar og julekalendarar. Mange har sin(e) eigen(ne) favorittar når det gjeld julekalendarane, somme vel Jul i Skomakergata, andre vel Vazelina Bilopphøggers Hjulkalender osv. Det er tradisjon å sjå på ein av dei mange julekalendarane vi har å velje i, men i år (jula 2023) valte NRK å lansere oppfylgjaren sin til Snøfall, kalla Snøfall 2, ein julekalender som har fått ein del kritikk etter den blei utgjeve. Personleg så har eg ikkje sett noko av Snøfall 2, men i fylgje VG, Dagbladet og andre avisar, så tek serien for seg eit alvorleg tema, kreft.

Kreft er ein av dei verste sjukdomane ein person kan bli råka av i livet og eg veit korleis det er når eit familiemedlem får diagnosa og går burt grunna det. I fylgje ein artikkel frå VG så har NRK motteke 38 (i skrivande stund) klagar på Snøfall 2, men serien skal ha vorte ein suksess for NRK likevel, så kvifor klage på kreft som tema? Vi er van med at julekalendarane er trivelege, morosame og at alle kan sjå på dei, sjølv kor gamle eller unge vi er og eg er einig i at julekalendarane skal vere trivelege. Men viss eg skulle valt mellom å lære barn og unge om ein alvorleg sjukdom som mange blir råka av eller om noko så fråstøytande som porno, så hadde eg valt kreft.

I går da eg gjekk gjennom Facebook la eg merkje til fleire reklamar, nokre om juleprodukt som blir selt, klede og liknande. Plutseleg kom eg over ei reklame frå ei side som heiter Barnevakten og reklama/innlegget var kalla “Porno på timeplanen”. Dette viste seg å vere ein læringsressurs for lærarar og helsesjukepleiarar. I fylgje det som stod så skal det vere til hjelp for å få “…gode samtaler med ungdommer.” og grunnen var at “…flere unge ser på porno…”. Om ikkje sjølve reklama/innlegget var gale nok, så var det ei lærerinne som faktisk hadde spurt om denne ressursen kan brukast i 5. – 7. klassetrinn. Barnevakten svara med at ressursen “…kan brukes også i 7. trinn.”, femte og sjette trinn blei ikkje nemnt, men kva i alle dagar skjer i den norske skulen?! Situasjonen i den norske skulen er enda verre enn da eg gjekk på skulen og det seier mykje sidan det “berre” er 13 år sidan eg blei ferdig på ungdomsskulen og ti år sidan med vidaregåande. Viss eg ikkje kjem ihug gale så lærte vi om sex i niende klasse, noko som eg da òg tykte var for TIDLEG for nokon å lære om temaet, vi var berre 14 år på den tida, men no i dag så spør ei lærerinne om ho kan bruke det i 5. – 7. klassetrinn, der alderen rangerar mellom 10 til 12! Kor skal denne galskapen stoppe?! Denne aldersgruppa er IKKJE klare for eit slikt tema, dei er FOR UNGE!

 

Fotografi: Privat. Oppgjeve.

 

Vi lev i ei tid der Internett er lett tilgjengeleg, anten det er via ei datamaskin, telefon eller fjernsyn. Tilgangen på informasjon er vid i forhald til korleis det var før i tida, da folk måtte gå til bibliotek, kjøpe bøk, sjå på nyheitane eller lese om det som skjedde i verda via fysisk avise. Alt du treng no er å kunne trykke på nokre tastar eller på ein skjerm og du har all informasjonen du kan ynskje deg. Mykje er sjølvsagt søppel så ein må vere kritisk når ein les og liknande, men å hente kva som helst av informasjon er ein uting som vi ser når sidar som Barnevakten kjem med innlegg/reklame som nemnt ovanfor. Det var betre før da ein ikkje hadde lett tilgang til alt og slik skulle det vore enno. Sjølvsagt var det pornoblad før i tida, men viss du ikkje hadde identifikasjonspapir så fekk du ikkje kjøpt det, men folk fann andre måtar å få tak i slike blad på. Somme valte å “arve” etter broren sin, andre stal kanskje og mange andre alternativ. Ein kan spørja seg, kven skal ha ansvaret for å hindre barn og unge i å sjå på porno? Fyrst og fremst er det foreldra og eventuelt besteforledra (viss dei er gode på data) som må forhindre at mindreårige ser slik søppel, andre aktørar er sjølvsagt skulane som ikkje bør nemne det, men dei største er nyheitane og sosiale mediane. Nesten kvar einaste dag så ser ein ei overskrift som har med sex eller porno å gjere, korleis skal ein verne om barn og unge frå desse temaene når dei som skal formidle nyheiter skriv om det, som om dei var sexgalne? Og kvifor skal menn og kvinner på sosiale medier leggje ut så å seie halvnakne bilete av seg dagleg? Svaret er pengar. Sex og porno sel som berre det dessverre.

Somme vil seie at det er bra å lære barn og unge om sex og porno i ung alder så dei kan ta gode avgjersler viss dei kjem i ein situasjon der dei må velje om dei vil gjennomføre akten eller ikkje. Dei same personane vil òg nemne at prevensjonsmiddel er viktig å kunne, men kvifor er det så mange vaksne no til dags som ynskjer å sjå at barn og unge kan så mykje om slike ting i ung alder? Utanom dei vanlege grunnane som eg no så vidt har nemnt så kan ein lure på om somme av dei er tiltrukne til barn og unge, altså pedofiler. I mi eiga meining skal og bør ikkje unge bli introdusert til slike ting før dei er myndige, altså når dei er 18 år gamle. Barn og unge må få lov til å ha ein barndom og vere det dei er, barn og unge. Besøkje besteforeldre, lære gode kristne moralar, reglar, sjå på teiknefilmar, leike, lese bøk og ha det morosamt høyrer barndomen til, ikkje sex og porno!

Det norske samfunn har vore og framleis er i fritt fall moralsk sett, der ingen tør å setje grensar eller fortelje sanninga fordi “det vil skade følelsene” til nokon og vi kan ikkje la det skje til einkvar pris! Mange lev i ei fantasiverd og det er greit nok det når du les ei bok, ser ein film eller spelar eit spel, men ikkje i verkelegheita! Å lære barn og unge om eit seriøst tema som kreft er naudsynt for at dei vil skjøne kvifor vedkomande som har det kan døy så sant behandlinga(ane) ikkje verkar. Folk vil verne barn og unge mot sjukdomar som f.eks kreft for dei får “angst” av det, men sex og porno, nei det må feirast for det er kjempeviktig! Viss eit barn ikkje klarar å handtere ein julekalender som omhandlar kreft, så må foreldra og eventuelt besteforeldra setja seg ned med barnet(a) og forklare så godt dei kan at det er ein sjukdom som kan ramme nokon, men at ikkje alle får den. No til dags vil foreldra gjera minst mogleg for å oppdra barnet(a) sine og let andre innstansar som skulen, sosiale medier og liknande gjere det, noko som er skadeleg ikkje berre for barnet(a), men òg samfunnet. Ansvaret til foreldrane er ikkje ferdig etter at mora har klekka ut barnet(a), nei, nei. Du som foreldar har ansvar for ungen(ane) dine heile livet og det er du (og besteforeldra) som må vere eit godt førebilete for han eller ho. Slik samfunnet er i dag så er det berre sexfikserte pysar som veks opp. Å lære barn og unge om kreft er farleg for det førar til angst, men å lære dei om sex og porno er bra for da er dei meir “bevisste” i vala dei tek, som om nokon under 18 år er modne nok i hovudet. Vi må få innført dei gode gamle kristne verdiane i samfunnet vårt att og fjerne all denne redsla for å lære barn og unge fakta om ting som faktisk er viktig å lære om! Livet er ikkje ein dans på rosar, men det vil ikkje dei som veks opp no til dags skjøne for dei blir skjerma frå ekte fakta og viktige ting, medan dei blir fôra søppel som er med på å hjernevaske dei, til dei blir så å seie sexdukkar.

Hjelp det at eg skriv eit blogginnlegg om desse temaene? Mest sannsynleg ikkje. Sjølv om eg helst ikkje vil skrive om desse temaene (sex og porno), så er det eit naudsynt vonde å nemne det, i håp om at vi kanskje kan få bukt med sex og porno slik at vi kan byrje å byggje opp landet vårt att på eit moralsk vis. Det vil i alle fall vere eit steg i rett retning. Det sanne Noreg må vakne opp!

 

Kjelder:

https://www.vg.no/rampelys/i/zEpPp9/kritiserer-snoefall-2-serien-utloeser-angst

Vurderte å leggje ved skjermbilete av innlegget/reklama til Barnevakten, men ville ikkje få klagar frå sida. Berre søk opp Barnevakten på Facebook så finn dykk nok innlegget/reklama.