God helg

Enda ei arbeidsveke har gått med både oppturar -og nedturar hjå alle. No har tida for å lade opp “batteriet” kome att og mange er glade for det faktum.

Kva skal ein så bruke tida si på tru? Somme vel å gå turar i fjell, jogge, feste og liknande, men for meg så er helga tida for å slappe av, vere saman med foreldra og kattane mine og spele spel. Ja alle har ulik måte å bruke helga på og med det vil eg berre seie god helg til alle saman.

Heidre gamal Mons

I år er det åtte år sidan gamal Mons gjekk burt og det går ikkje ein dag utanom at eg tenkjer på han og kva han gjekk gjennom den siste perioda si.

 

Gamal Mons og Kalle saman. Fotografi: Privat.

 

Alt hende ein kveld da gamal Mons skulle ut slik som han pleide å gjere, eg klappa og sa til han at han måtte vere forsiktig og så tok han ut. Der og da hadde eg ikkje nokon aning om kva som kom til å skje den natta og dei to komande vekane. Morgonen etter var ikkje gamal Mons attende, men det var da ikkje rart for kattar er sjølvstendige dyr og dei kjem og går som dei vil. Vi bestemmer ikkje over dei, i motsetnad til hundar. Timane gjekk og han kom ikkje heim att. På kvelden gjekk eg ut og byrja å rope på stakkaren for eg tykte det var rart at han ikkje hadde vore heime for han pleide å gje lyd frå seg anten ved å mjaue eller kome gåande og vere glad for å sjå ein. Fyrste dagen utan gamal Mons gjekk og det skulle vise seg at det skulle gå to veker før han kom heim att. I løpet av dei to vekene han var burte så leitte eg alle stadar heime, men eg såg ikkje og høyrte han heller ikkje. Da dei to vekene hadde gått høyrte eg endeleg mjauing som kom frå ute, gamal Mons hadde kome attende! Men da eg opna døra såg eg grunnen til at han ikkje hadde vore heime i to veker, nokon hadde køyrt på han med bil og brote bakbeina hans. Synet var skrekkeleg og det var ikkje lett å sjå på at han tok seg fram med berre frambeina. Gamal Mons hadde gjøymt seg i to veker etter hendinga med bilen og kor han hadde vore veit eg ikkje og eg kjem nok aldri til å få vete det. Vi tok han til dyrlekjaren med ein gong og der fekk vi to alternativ, anten gå gjennom ein operasjon som kunne gjere ting betre, men han ville aldri kunne bruke bakbeina att eller avlivning. Det var ikkje ei lett avgjersle å ta sidan gamal Mons hadde vore hjå oss i tre år og han var eit medlem av familien, men vi valte at han skulle få sleppe fleire smertar og det blei difor avlivning.

Da eg var liten blei eg diagnosert med allergi, men ettersom åra gjekk så voks eg det av meg og det var ikkje før gamal Mons kom til oss at eg fann ut at eg hadde vorte kvitt allergien (utanom pollen og høy). Å miste han som beviste at eg endeleg kunne ha dyr att var ikkje lett.

Det er lett å seie at det er trygt å ha dyr på bygda og sjølv om det er sant for det meste av tida så ser ein at viss ulukka er ute så kjem den alle stadar sjølv kor ein bur.

Etter dette så har eg aldri likt å sleppe ut kattane mine om kvelden for ein veit aldri kven som køyrer bil om kvelden og natta, om det er nokon som har respekt ovanfor dyr og er glad i dei eller om det er sadistar som ikkje bryr seg om nokon eller noko utanom seg sjølve.

 

Gamal Mons, ein av dei snillaste. Fotografi: Privat.

 

 

Eg vil alltid minnast om alle dei gode stundane vi hadde, korleis du kom inn i livet mitt, tok deg av Kalle og lærte han å jakte og mykje meir.

Takk for at du var ein del av livet mitt gamal Mons.

 

Eit lite minne

Da eg voks opp var Pokemon på tur opp i popularitet, ikkje berre i Noreg, men over heile verda. Kven kunne tru at forteljinga om ein ung gut som ville bli ein Pokemon meister kunne bli så populær? Vel det er eit spørsmål for ein annan dag. I helga som var så gjekk eg gjennom nokre av dei gamle tinga mine frå barndomen og plutseleg så fann eg ei Pokemon skrivebok som eg ikkje hadde brukt nokon gong. Denne skriveboka er like god som ny og da eg fann ut at den var det blei eg skikkeleg glad sidan originale utgåvar av Pokemon ting plar å ha store verdiar blant folk. Eg kjem sjølvsagt ikkje til å selje skriveboka sidan eg fekk den av foreldra mine og eg set stor pris på det eg har fått og får hjå dei. Meininga med dette innlegget er å vise fram eit gamalt og kjært minne frå tida da eg var barn. Ein skulle tru at Pokemon var den fyrste japanske teikneserien (anime-en) eg nokon gong såg, men det var det ikkje. Den æra går til Silver Fang som eg kjem til å tale om meir ein annan gong.

 

 

Berre sjå på kreativiteten som har vorte brukt på ei heilt vanleg skrivebok. Det som skil denne skriveboka frå andre er det faktum at det er eit Pokemon produkt med maskoten Pikachu på framsida. Pokemon gjorde som sagt ein stor suksess og starta fyrst med 151 monstre (Pokemon), men talet på dei kom til å stige kvart år så å seie.

 

Heilt ubrukt og like fin som den dagen eg fekk den, eit lite minne frå ei tid som er forbi, men noko som kjem til å vere med meg heile livet.

Ha ei god veke

Enda ei veke har gått og no kjem den nye veka med stormsteg framfor oss.

Starten av kvar veke er ikkje den tida folk flest ser fram til sidan det inneber anten skule eller arbeid, men ein må sjå ljost på det. Den som går på skulen treng ikkje å tenkje på å tene pengar for livets opphald (utanom studentar) og dei som er i arbeid kan sjå fram til den neste løna si som dei har arbeidd hardt for og bruke den som dei vil (etter naudsynte vonde er dekt sjølvsagt). Ja starten av veka er anleis for alle, men vi kan alle sjå fram til fredagen, den tida i veka vi får fri att. Med det så vil eg ynskje alle ein god start på veka.

Kven er eg?

Hei og velkomen til bloggen min.

 

Eg er GamaldagseKnut eller berre Knut. Nokre av dykk kjenner meg eventuelt frå TikTok, YouTube eller Twitch. Etter å ha vore nysgjerrig på blogging i ein del år så har eg fått meg ein blogg her og eg håpar dykk vil tykkje det er morosamt å lese det eg skriv.

 

Korleis er du gamaldags?

Sjølv om eg likar og brukar noko av teknologien vi har i dag så målar det seg ikkje med korleis samfunnet var før i tida, alt var betre før. Samfunnet er på skikkeleg nedtur (ikkje berre i Noreg, men òg i verda) og eg meiner da at det er viktig å få attende gode gamle kristne verdiar, moralar og meiningar.

 

Kva vil du skrive om?

Dette vil vere ein variasjonsblogg der eg tek for meg nesten alle slags tema, men det er somme tema som eg ikkje kjem til å tale om.

 

Kor aktiv kjem du til å vere?

Sidan eg har arbeid innan marknad og mediaundersøkingar så har eg dessverre ikkje moglegheit til å blogge konstant, men eg skal prøve å få lagt ut nokre innlegg no og da. Det kjem òg an på kor lange innlegg eg skriv og kor god tid eg har til å skrive dei.

 

Kor kjem du frå og kor gamal er du?

Eg kjem frå Gudbrandsdalen som ligg i Innlandet og det er alt eg fortel. Folk må respektere det. Eg er 27, men blir 28 i år.

 

Har du dyr?

Det har eg og det er to kattar som heiter Kalle og Mons. Gullgutane mine!

 

Kva slags hobbyar/interessar har du?

Ein skulle tru at eg har interesse for bilar, maskineri og liknande som er typisk for menn, men det har eg ikkje. Interessane mine ligg i spel (PlayStation, Nintendo, Xbox og data), filmar og fjernsynsprogram, bøk, LEGO, historie, religion (Kristendom og Jødedom fyrst og fremst), Star Wars (før Disney tok over) og nokre andre ting som ein skogstur i no og da.