Da sit vi her enda ein gong. 17. mai er ferdig og Melodi Grand Prix er i mål. Programmet byrja med at vi fekk vete at sveitsarane hadde brukt eit heilt år på å lage ein video om å finne trofeet. Slausing med pengar kallar eg slikt. Som eg har nemnt i tidlegare år så var flaggbruken så som så, dog det verka som om nokre land har lært å handtere flagga sine penare enn tidlegare år. Blant dei var Storbritannia, Litauen, Latvia, Portugal med fleire som bar flagga sine med meir respekt enn før. Dessverre var det meir enn nok av respektlause blant anna Noreg. Spania kasta det rundt seg og var vill som ei løvinne på Afrika sine sletter. Kvifor kan dei ikkje bære ei mini flaggstang da dei går inn på scena? Er det for tungt for deltakarane? Med tanke på kor populære gymhallane er for tida, for å halde seg frisk og rask så burde dei som deltek i Melodi Grand Prix klare å bære ei lita flaggstand minst 100 meter. Eller er det slik at ein lat nordmann som ikkje går på treningssenteret har meir uthaldanheit enn folk som faktisk trener der?
Noreg var fyrst ut og Herre min skaper for ein dårleg song. Tenk at det var for fyrste gong på 31 år at Luxembourg var med i finala, kanskje berre like bra. Estland overraska med ein nokonlunde fengjande song, dog dansinga til Tommy Cash minna meg om ein gamal teiknefilm av Disney kalla “The Skeleton Dance”. Han var utan tvil sprek i kroppen. Medan han framførte songen så kom ei kvinne frå publikum opp på scena, blei stoppa av sikkerheitsvaktane, fekk dansa i nokre sekund med han og så ført burt. Eg vil tru at dette anten var planlagt sidan kameramannen fokuserte på ho før det skjedde, så sant det ikkje var ei ekte impulshandling gjort av kvinna. Han likna òg lite grann på Alfred Matthew “Weird Al” Yankovic, best kjent som berre “Weird Al” Yankovic.
No kan alle ta det med ro, for no har eg funne Carmen Sandiego! Nei vent, det var Spania sitt bidrag i Melodi Grand Prix, falsk alarm! Det er ikkje verst å klare å kle seg på ein måte at du ser ut som ein gamal teiknefilmfigur frå 1991-1995, medan scena er mørklagt. Ein kunne òg trudd at det var Pauline frå Super Mario Odyssey du såg på scena, så Melodia Ruiz Guiérrez òg kjent som “Melody” kan lett bli forveksla med mange.
Kalle sit i stolen og er glad for å vere katt. Fotografi: Privat
Å kalle vedkomande som tok deg attende til hotellet ditt etter finala for 34 år sidan for “dinosaur” er rett og slett respektlaust. Det hjelp ikkje at du har klart å halde deg ung på utsjånad, men det er vel meir botox enn noko anna, pluss lite grann sminke. Programleiarane trur dei er sjarmerande, men eg har sett betre haldningar frå Julla da ho hadde klomånad eller brunsttid. Dei er rett og slett ikkje minneverdige utanom utsjånaden deira, der treffer dei blink. Seinare i sendinga skulle ei av dei blåse i eit tradisjonelt sveitsisk alpehorn, men klarte det ikkje. Er det verkeleg så vanskeleg å blåse i eit horn eller er det teikn på dårleg kondis hjå ho og den polske sangerinna? Ja, ho frå Polen prøvde òg.
Austerrike høyrtest ut som ein dårleg opera om kjærleikssorg og kvifor i all verda har den mannlege artisten ein ring i eine øyret? Vi går frå ring i øyra til ei gruppe frå Island som brukar solbriller inne. Å samanlikne dei med The Blues Brothers ville vore ein skam ovanfor gode skodespelarar så eg skal heldigvis ikkje gjere det, men eg kan forstå at dei vil beskytte augo sine på scena for heile programmet er reine Blitzkrigen mot augo våre. Vi er ikkje så svaksynte at vi treng ljos som blinker kvart einaste sekund. Verkar som om Inspektør Gadget er på jakt etter Doktor Klo og andre skurker konstant der.
Hellas overraska med å la Dumbo syngje for seg, i alle fall verka det som at det var han. Nei søren det var ikkje han! Desse finalane i Melodi Grand Prix blir meir og meir møtepunkt for teiknefilm- og spelfigurar, alt frå Disney til Nintendo. Kven blir neste? Shrek frå Dreamworks?
Det faktum at Marte Stokstad sa at det å syngje på morsmålet sitt er ein ny “trend” i Melodi Grand Prix, viser berre kor viktig det er for kvart land å halde på identiteten sin. Så kvifor sender vi menneske som syngjer på engelsk? Bør vi ikkje vere stolte over å vere nordmenn? Ut med engelske og inn med norske songer som bidrag! Få attende nordmenn som er like Jahn Teigen, Ketil Stokkan, Bobbysocks osv.
Da Italia kom på scena blei eg minna om artistane frå gruppa KISS, men ulikt KISS verkar det som om dei italienske artistane har sett betre dager. Samanlikningane stoppar ikkje der for Albania hadde ein duo der mannen var nokså lik Gru frå Grusomme Meg serien, av Illumination, frå sida.
Dei gamle songane “Waterloo” (1974) og “Cinéma” (1980) var dei beste songane under heile sendinga. Sjølvsagt hadde det vore best om dei hadde valt å spele av eit opptak av ABBA syngje “Waterloo”, men økonomien tillet nok ikkje det. Spesielt ikkje etter å ha produsert så viktige innslag som ein ny “nasjonalsong” for Melodi Grand Prix verkar det som. Noko anna som var morosamt å sjå var musen som fortalte kva land som fekk 12 poeng, rettare sagt dei “12 cheesy points” som gjekk til Storbritannia. Ein kan òg lure på om vedkomande som skulle tekste Melodi Grand Prix finala hadde teke seg ein god del drammar før arbeid om kvelden sidan tekstinga var både galen og sein til tider gjennom programmet. Alt i alt så kan ein konkludere med at moderne musikk rett og slett er søppel.