Vis respekt for Kongefamilien!

Frå tid til annan hender det at dei norske mediane skriv om Kongen og Kongefamilien vår, somme gonger er det positivt og andre gonger negativt. I dag var det atter ein gong ein negativ artikkel om Kongefamilien og korleis dei lev liva sine, meir spesifikt at dei har hemmelege adressar her i landet.

 

 

Kva er så gale med det?

I artikkelen blir det referert til ei side på Det Norske Kongehus si nettside om at Kongehuset er eit ope og moderne kongehus, noko som eg vil seie stemmer for vi får mykje informasjon om kva Kongefamilien gjer. Likevel vel forfattaren av artikkelen å klage over kor “lite” informasjon vi vanlege folk har tilgang til når det kjem til Kongen og resten av Kongefamilien. Forfattaren trekkjer òg fram at Kongefamilien ikkje kjem opp i folkeregisteret og at dei er skjulte i aksjebøker og tinglysninger, men gjer det noko?

No nyleg blei det kjent at Sindre Finnes, ektemannen til tidlegare statsminister Erna Solberg, hadde gått bak ryggen hennar og brukt informasjonen ho hadde fått og tileigna seg gjennom arbeidet sitt på å leike med aksjer på børsen, som enda med profitt. Denne hendinga laga stort rabalder, men Økokrim valte å la vere å starte ei etterforsking på han. Så viss ein vanleg person ikkje skal bli etterforska da vedkomande var (og er) gift med ein tidlegare statsminister, kvifor skal da eventuelle aksjar som Kongen eventuelt skulle ha hatt vere offentleg? Kongen er over lova og det står i Grunnlova.

 

Vidare i artikkelen blir det nemnt at adressane til dei kongelege er sperra for offentlegheita og dette er “problematisk” i fylgje presseekspert Gunnar Bodahl-Johansen. Han fortset med å seie at det er viktig å ha openheit i eit demokrati og at det må gjelde alle stadar. Men når det gjeld Kongen og Kongefamilien så meiner eg at dei må vere unntaket for dette. Kongen og familien hans er dei øvste representantane våre, dei er ansiktet til Noreg og nordmenn i inn- og utland. Dei må bli respektert og beskytta! Dei som er ueinige og ikkje likar Kongen og Kongefamilien kan bestille seg ein einvegsbillett til Amerika. Gunnar Bodahl-Johansen seier òg at det er “oppsiktsvekkende” at grunnane for at adressane til Kongen og Kongefamilien blir sperra ikkje blir meir forklarte. Han krev òg at samfunnet har krav på å få vete kva slags truglsar dei er utsette for. Viss ein kjem ihug noko frå skulegongen sin, eventuelt studert historie, så kan ein kome fram til kva slags trugslar kongelege har opplevd og kva dei er utsette for. Det har vore motstandarar til kongelege gjennom alle år, somme er berre store i kjeften, medan andre er meir ekstreme og vil bruke fysisk makt til å få fjerna kongelege, f.eks å skyte, forgifte, henge, bombe dei osv. Lista er stor og ein treng berre å bruke vanleg fornuft til å skjøne risikoen dei kongelege lev i. Folk vil seie at det aldri vil skje i Noreg for alle er berre venlege, snille som lam og liknande, men verkelegheita er anleis. Kom ihug kva Adolf Hitler ville ha gjort viss han hadde fått tak i Kong Haakon VII eller kva Anders Behring Breivik eventuelt ville ha gjort viss han hadde gått tom for målskivar på Utøya og kome seg inn i Oslo sentrum att. Noreg er eit relativt trygt land, men å seie at ingen kan føle seg truga i det heile teke er ei stor feit løgn. Det står til og med skreve på Det Norske Kongehus si nettside og eg siterar “Enkelte av Kongefamiliens medlemmer bor på sperret adresse av sikkerhetshensyn.” dette bør vere god nok informasjon for den gjennomsnittlege nordmannen til at han eller ho kan bruke fornufta si til å skjøne kvifor dei må ha sperra/hemmelege adressar.

 

Lengre ned i artikkelen så blir det skreve at det kjem fram i tinglysningen at ein eigedom har vorte kjøpt for 18,65 millionar, men at kjøparen er skjult. Alt ein treng å gjere er å lese Det Norske Kongehus si nettside og der står det: “…Den andre store oppgaven Hoffet har, er å forvalte og utvikle De kongelige eiendommene.”. Som det står skreve så blei nok eigedomen kjøpt av Hoffet på vegne av Kongen og Kongefamilien og det er heilt i orden. Alle i landet kan kjøpe eigedomar her og der så lengje dei har råd til det og det finst ikkje nokon lov som seier at ein person kan ha eit maks antal eigedomar. Har du råd til å betale eigedomskatt og så vidare på fleire eigedomar så er det berre å kjøpe. Sjølvsagt vil folk seie at det ikkje er rettferd viss berre nokre fåe personar kjøper ein heil haug av eigedomar, men skal ein da innføre ei lov som seier at ein person berre har lov til å ha maks to eigedomar? Ingen vil vere med på ei slik lov, spesielt ikkje millionærane og milliardærane som har store kjeder over heile landet og/eller hytter/leiligheiter som dei tener rått på.

 

I mi meining så må avisane finne nyheiter som er verd å bruke tida si på og sjå båe sidane ved ei sak i staden for å velje den sida som passar agendaen deira best.

Vi har utan tvil ein av, om ikkje den beste Kongen og Kongefamilien i heile verda, og som ein sann nordmann som er stolt over dei vil eg alltid støtte dei.

 

Kjelder:

https://www.kongehuset.no/nyhet.html?tid=135188&sek=26939

https://borsen.dagbladet.no/nyheter/reagerer-pa-hemmelighold-uholdbart/80469507

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg