Opplevinga med Korona

Heilt sidan vi fekk vete om Koronaviruset (eller Covid-19 viss ein skal vere moderne) på slutten av 2019 så var alle her heime (mamma, pappa og meg) heldige med å unngå sjukdomen, men etter tre år med lukke og to vaksinar så snudde lukka. I midten av mai, rett etter nasjonaldagen fekk alle av oss Koronaviruset og det var ikkje ei morosam oppleving. Mange vil nok tru at vi fekk det ved at vi var ute og feira på nasjonaldagen, men det er ikkje rett for vi feirar dagen på vår eiga måte heime så måten vi fekk det på var anleis.

 

Korleis var det å ha Korona?

For meg personleg så kjente eg symptomar eg plar å få dei gongane eg har hatt ein vanleg forkjølelse og eg tenkte at det var sikkert det da eg la meg om kvelden, men morgonen etter var det klart at det var noko heilt anna. Da eg stod opp, eller rettare sagt prøvde å stå opp så kjente eg meg skikkeleg slapp og unormalt trøytt etter å ha sove gjennom heile natta, snørra rann som ein foss og hosten var å ta på. Mamma og pappa hadde vakna med same plagane, vi tok da ein Korona test og fann ut at vi hadde fått Korona. Dei neste to vekane skulle vi vere plaga med Korona og eg er framleis plaga med å hoste og snyte meg no og da, men heldigvis er eg mykje betre enn eg var.

 

Fotografi: Privat.

 

Kva er så meininga med dette blogginnlegget?

Det er meint som ein åtvarsel til alle for Koronaen kan slå til når du minst forventar det og sjølv om du er heldig akkurat no så kan lukka plutseleg snu.

 

Kunne vi gjort noko for å forhindre at vi fekk det?

Eg tvilar på at det er så mykje meir vi kunne ha gjort for å kome unna Koronaen sidan vi held distanse til folk, vaskar maten utanpå etter å ha kjøpt den, vaskar hendane ofte, brukar munnbind viss det er ei stor mengde med folk og meir. Eg kunne kanskje ha teke ei tredje dose med vaksine, men myndigheitane har sagt at det ikkje var naudsynt for dei som var under 30 eller 40 år så da må eg ta den flausa på mi eiga kappe. Både mamma og pappa har teke tre dosar så dei har gjort det dei kan så langt.

 

Til slutt vil eg seie at sjølv om (somme) folk trur at Koronaen berre er noko tull og at dei ikkje kjem til å bli sjuke så er det betre å vere føre var. Ver forsiktige i offentlege situasjonar og vask hendane. Alle reagerar ulikt på Koronaen og eg vil seie at sjølv om vi blei skikkeleg sjuke så kan det hende at andre får det enda verre eller til og med døyr av det.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg